søndag 10. juni 2012

Henki i Breim


Så har vi hatt vesle godgutten vår i familien i nesten ei veke, og for ei glede:) Frå første møte med to-og firbeinte har han vore ein trygg og flink kvalp som både sover godt om natta og gjev beskjed når han må ut.

Våre 2 blandingshunder Tim og Siko på 2 år var litt skeptiske til å sleppe eit nytt flokkmedlem inn i heimen, men dette går berre betre og betre og alle tre har no fine leikestunder i hagen. Det gode været denne veka har gjort at dagane stort sett har vore utandørs i hagen, men det har også blitt besøk til to-og firbeinte "nevøar og kusiner", og omgjengelege Henki finn seg godt til rette som den kontaktsøkande og trygge guten han er. Umuleg å ikkje bli glad i ein slik sjarmerande krabat, og virkar som han forstår det, han nyter all oppmerksomhet:)

Og "vesle" Henki ser ut til fort å kunne gå forbi Tim og Siko i størrelse, som er ca. 9 kg. Allereie har han lagt på seg over 1/2 kg, så ingenting å seie på matlysta:)

All honnør til Beate og familien for ein flott jobb med kvalpane:)

                                                      Trygt i fanget til Bendik på heimturen

                                                           Utforsking av ein ny verden

                                                      På vandring med storebror Tim

                                                                Tøybamsen er god:)

                                          Sliten gutar i leikestova - hardt å vere på topp:)



1 kommentar:

  1. Ser det han har full kontroll over "storebrødrene" enn så lenge ;)

    Bra dere koser dere sammen =)

    SvarSlett

kennel@carvecanem.no