søndag 3. juni 2012

Harmonee er kome til Hovdebygda

Fredag kom Harmonee til Hovdebygda! Litt skummelt var det å bli tatt så brått frå flokken og mamma Celia, men det gjekk ikkje lang tid for henne å knytte til seg nye flokkmedlemma i alle fall ikkje når vi hadde gormet kattepostei å kose oss med saman. Med hendene fulle av godis gjorde vi oss kjent med hus og hage før resten av familien kom heim frå jobb og skule for å helse på! Lykka var stor i heimen då :-)

Natta går fint, og Harmonee er frå seg av glede om morgonen når flokken vaknar til liv. Ny dag og mange nye å verte kjendt med venta.... Tre ungdommar x venna vert mykje på ein gong, og i går måtte vi ta det litt pø om pø ;-) så vi kopla av med ein rusletur i "Åsen". Sooo mykje å oppdage!


















   








     
Her er eg i allefall i fred!
Vi var litt spent på korleis det kom til å gå med katten vår, Tussi. Van med å regjere åleine er ho ikkje akkurat begeistra over bamsen som tydelegvis er kome for å bli, men Harmonee les henne imponerande godt. Kjem Harmonee for nær i ein trengt posisjon, freser Tussi, då viker Harmonee blikket eller går ein annan veg. Slik respektere dei kvarande og unngår konflikt. Har Tussi rømningsveg kan dei gå forbi kvarande på få centimeters avstand utan konflikt, berre med å vise gjensidig respekt. Tussi er nyskjerrig og betraktar det nye på trygg avstand, og Harmonee let henne vere. Med tida trur eg Tussi vil verte trygg på henne.










Harmonee er snill og trygg. Vil takke deg Beathe for å ha gjort ein så god jobb med henne og resten av kullet. Vi gledar oss til fortsettelsen, og til å møte mamma og kanskje kullsøsken igjen :-) :-)

Leikeslåssing er kjekt

2 kommentarer:

  1. Lykke til Harmonee!!
    Du er berre så nydleg:O)
    Hilsen pappa Heike og Renate

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lese om kordan det har gått med Harmonee =) Nydelige jenta <3 Håper matlysta kjem etterkvart, men fram til då er det bare å slappe av. Ho svelt nok ikkje i hel =) Kjem nok innover på besøk om ikkje så lenge :D

    SvarSlett

kennel@carvecanem.no